lørdag 24. april 2010

Velkomen til gjørmesouqen!

Det er ikkje så ofte det regnar her i Qatar, og eg meiner det var kalkulert med ca 5 regndager i året når me kom ned. I så måte har det regna MYKJE, i allefall meir enn 5 dagar! Men me klagar ikkje. Det er faktisk litt deilig med forandring i veret, og det blir så frisk luft etterpå. MEN, det er jo alltid eit men! Det blir noko forferdelig gjørme og gris her nede etter regnet. Alt er jo dekka med eit lag sand, så når det har regna SYNES det godt! Ungane tykjer jo det er stor stas med regn. Vatn er vatn, den er internasjonal! Marcus og Eirik fann seg eit godt gjørmehol her ein dag etter det hadde regna. Du kan seie det slik at me slapp å lure på kva dei hadde gjort på!
Dei var dekka i skit frå top til tå. Det surkla i ska når dei gjekk, og som de ser her, var det ein grunn til det!
Det var med andre ord tid for eit fotbad!!! Så då sat dei der da, begge to, bed beina godt planta i kvar sin balje med fotbad og kosa seg verre. Papsen, som måtte til å vaske sko og syklar var ikkje like imponert. Kunne fungert godt som avløysar for Karlsons Klister den gjørma der fekk eg inntrykk av. Men dei blei nå reine att både gutane, skoa og syklane, så alt i alt var det vel ganske kjekt vil eg tru ;O)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar