onsdag 28. april 2010

Full fres!

Pusane veks og blir søtare og søtare for kvar dag. Papsen er litt betatt av dei han også, og håpar i sitt stille sinn at me får gitt dei bort. Det håpar eg og, for det skal ikkje bli enkelt å avlive desse småtrolla nei!!!

Dei har byrja utforske livet utanfor kassa no. Nemi blir litt stressa av dette, for plutseleg er dei over alt, og kven skal ho hanke innatt først. Ho tykkjer det er tryggast når dei er vel plassert oppi kassa alle mann. Dette er sjølvsagt fånyttes. Så fort ho har putta dei oppi att, så er dei utatkomen. Dei tek liksom fart og hiver seg over kanten da. Dei har også byrja "slåss" litt med kvarandre. Bite i øyrer og hale, og skuggebokse litt. Full fres dagen lang med andre ord!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar