mandag 19. april 2010

Scrapperi-scrappe-ra!





Det blir litt tid til scrapping og hobby aktivitetar innimellom, men slett ikkje so mykje so eg hadde tenkt, nei! Men så er det litt bursdagar og andre merkedagar innimellom då veit du, og så lyt ein hoppe i det. Det er kjekt når ein berre kjem i gang!!!

Dette er egentlig ein havregrynsboks som eg fekk hjå min gode nabo. Ideèn fekk eg frå Synnøve, som er ein erfaren scrappar. Ho tipsa meg om at ein kunne bruke td. pringlesboksane til mykje rart, blandt anna gåveinnpakning.
Slik blei mitt forsøk på gåveboks. Kanskje litt barnsleg med tanke på ein konfirmant, men man tager hva man haver, så får ein utvide stempelkolleksjonen etter kvart. Har ikkje funne nokon andre som scrappar her nede, men veit dei finnes. Men saknar Gro, Camilla , TOne og Annike på scrappekveldar ja. Det er no mykje og mangt som blir fint med å kome heim att og, nett som det skal vere.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar