Lina er jo heller ikkje så flink til dette med å halde seg innanfor bildet, ei heller at det skal vere realistisk det ho fargelegg. Her får perfeksjonisten Oliver litt problem. Samtidig som han er djupt konsentrert om sitt eige arbeid, så må han gløtte litt bort på ho tøttemor som berre "øydelegg" bildet sitt. Da får ho påpeik med ein gang! "NEI, LINA! Ikkje sånn, det skal ikkje vere den fargen der. Sjå her skal eg vise deg" Å sånn driv dei på. Han prøver etter beste evne å hjelpe og ho drit fullstendig i det. Men viss ho er rett heldig får ho snike seg til å rable litt i boka hans mens han hjelper ho. Da går alarmen på Oliver og Lina er såre fornøyd med livets tilstand. Å sånn går nu dagan :O)
onsdag 28. april 2010
Knoll og Tott!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar