søndag 11. april 2010

These are a few of my favourite things..









Me har lenge gått å venta på at Nemipusen skulle få kattungar. Det vil seie, me har venta heilt sidan ho kom i oktober, for ho esa jo ut. Dette skuldast nok berre tilgang på mat, noko katten visste å forsøyne seg av. Men over nyåret blei det reine Romeo og Julie tendensane uti tunet her. Det aula med grakatter over alt, og prinsessa sprada rundt og avviste dei fleste. Men so blei ho ferska av naboen sin son på 7 år:
- " Du Britt Kari, Nemi pusen er med dei andre pusekattane!"
-Det går bra det så lenge dei er snille med kvarandre.
-Men eg vett ikke om han va snill med ho, for han hoppa opp på ryggen henna!!!!

:O) Kva svarar ein då ????

Så blei katten større og større og tyngre og tyngre. Heten steig og den torde til og med legge seg under sykasen til Karianne. Det må då seiast at Karianne ikkje liker katter, og har sett seg i respekt hos Nemi. " Du går ikkje over trappa mi Nemi!!" Så styrer Nemi pusen fint utom og held seg hos oss. Men hagen til Karianne har ho alltid lika, men etter at Karianne byrja vatne favorittplassane gjevnleg har ho ikkje vore der så mykje heller. Det var nesten her eg rekna med ho skulle fø kattungane..

Så forsvann Nemi pusen! Eg skjøna jo at ho sikkert skulle føde, og ville gjerne finne ho slik at det ikkje blei villkatter av heile gjengen. Eg gjekk feltet rundt å leita under alle busker, ropa og lokka, men ingen Nemipus. Då hadde eg ikkje sett ho sidan kvelden før. Litt tusken for eg heim og sat i bakhagen med Geir. Då eg tok til å vatne høyrde Geir brått ein lyd. Kva var det bak tanken ???? Og når eg åla meg inn så låg Nemipusen der, med sine fem søte små kattungar.

Korleis ho har kome seg dit skal fulane vete. Ho var i allefall for tung til å hoppe opp på muren når ho var gravid, så mitt forslag er at ho har født dei utanfor i buskene og så flytta ein og ein inn i hagen min. Ikkje veit eg og ikkje bryr eg meg. Det viktigaste er at dei er her og me kan kose med dei :O) Så gjenstår det berre å finne heimar til dei........

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar