onsdag 28. april 2010

Gutteklubben frisk og freidig!

Marcus var ein skikkelig innegut når me kom ned her. Det var helst data, PSP og PS3 som gjaldt. Trur det var like før auga blei heilt firkanta flatskjerm ei lita stund. Men no er han også utegut! Han likar godt å sykle, eller køyre på trøbilen. Her er eit virr-varr av gater å utforske og gutta boys tar saken. Her har dei tegnestund ute, for det er Marcus sin nye lidenskap. FARGELEGGING! Som han hata for eit halvt år sidan! Det er fort det endrar seg ja! Men det er jo varmt og klamt ute, so her måtte dei ha seg ein liten pause. Då smakar det godt med litt juice og potetgull, sidan det var laurdag og godtedag! Mange gode vener, som skal bli sakna. Godt at nokon av dei skal vere her til hausten også, så er det noko å sjå fram til, og litt lengre tid før ein må ta skapleg farvel. Inntil då er det berre ;På gjensyn!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar