onsdag 28. april 2010

Markens Grøde

Qatar har, som alle nok har skjøna, eit noko anna klima enn det me er vant med i Noreg. Det har me nokre stakkars få sommarmånadar til å få utfolde oss utandørs, og det er ikkje alltid ein greier å lure seg unn frost og øydeleggelse då heller. Her nede er det ein anna sak. Om sommaren er det rett nok litt varmt, men framleis mulig å få litt av kvart til å gro. Men i vintermånadane er det YPPARLEG klima her nede og ting veks som ugras. Litt moro å prøve å dyrke litt ting og tang, så tomater blei det litt av.
Meir artig var det då Solveig, Katrine og eg var i plantesouqen og fann maiskorn. Joda! Dette var berre å putte rett i sanden så skulle dei kome opp. Kvar plante kunne gi ca 3 mais fekk me beskjed om. Eg og Katrine heim og planta. Ingen av hennar korn kom oppatt!!!! Mens eg fekk 4 planter til å spire. Eg tykte litt synd i Katrine so eg gav ho ei plante, som plaster på såret :O) Å vil du tru ka den veks!!!! Den eine planta har kome med 5 kolbar!!!!! Det er like mykje som eg har fått på mine andre tre til saman! Så no gledar me oss berre til at dei skal bli ferdig modna slik at me kan ha mais fest. Grilla mais med smør og salt...... Mmmmmmm!
I bytte for maisplanta fekk eg paprika planter av Katrine. Eg fekk 5 stk, men berre ei av dei kom med frukt. Så ein liten grøn rakkar blei det på meg, skrukkete og fin :O) Men litt stas med sjølvdyrka, det må eg seie! Men no skal gubben vere aleine her nede i fleire månadar, så då er det vel ikkje att ei levandes plante når eg kjem att er eg redd :O)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar