mandag 19. april 2010

Æ kan bake!




Ungane er van med at ho mor bakar og styrer på tidt og ofte. Me inviterer gjerne naboane på prøvesmaking. Karianne har aldri lagt skjul på at ho ikkje trives SÅ godt på kjøkkenet, men når lysta kjem over ho, så har ho mykje godt å by på ho også, som desse skulebollane ho diska opp med laurdags morgon. Mmmmm, ingenting er så godt som skuebollar.

Det som var litt morosamt var at når ungane kom springandes og bråstoppa fordi dei såg deilige bollar på bordet, snudde dei seg til meg og spure: Kan me få ein bolle og mamma???? Eg sa som sant var at det er ikkje mine bollar, så det kan ikkje eg bestemme. Lina såg seg rund bordet og stoppa ved Karianne. So snudde ho seg til meg att og eg forventa at ho skulle spørje om det var Karianne sine bollar. Men neida :O) Ho ser på meg og seier: Kven er det då som har baka bollar???? At det var Karianne trudde ho ikkje noko på :O) Av fulle folk og born skal ein få høyre det heiter det seg. Me fekk oss ein god latter i allefall.


Tykte Daniel var bra stilig i supermanndrakta si! Så den måtte eg berre ha med. :O) Han er blitt så stor no, ein skikkelig skøyar, sjølv om han er litt meir gneten på smila sine. Får berre sånne lure, halvdregne flir. Pønske sikkert på noko faenskap. Det har han sikkert etter far sin, sidan han har høgden etter mora ;O)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar