søndag 25. april 2010

Kebab to the people!

Geir er egentlig ein tiger på kjøkkenet, berre innsatsviljen er til stades. Han har til no hatt ein signatur-rett som han står for og det er chilli con carne. Den er kjempegod!!! Men her ein dag var gubben på googling veit du og kom opp med oppskrift på KEBAB! Då var det gjort! Mor måtte handle og så sette me i gang ein ettermiddag. Me fann ut at dette var mat som rakk til mange så me inviterte like godt gode naboar på begge sider av oss! Det var stor fallhøgd her; enten suksess eller fiasko, då me ikkje hadde testa ut verken rett eller oppskrift før.... Men skitt au, den som intent våger osv.
Det blei heldigvis SUKSESS! Det smaka kjempegodt og både små og store skuffa innpå. Den litt eldre garde mimra kanskje til seine laurdagskveldar då ein i alt overmot overbeviste seg sjølv om at det var fult brukbart å ete kebab! Habitten bar ofte preg av dette tidleg ein søndags morgon :O)
Til og med dei yngste i flokken tykte dette var ok mat. Her var det berre å plukke det ein lika inn i lefsa og rulle att. ! Så no har gubben fått to signatur rettar, og mor ser fram til ferdig middag rett som det er etter at me har kome heim ;O)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar