onsdag 28. april 2010

Middag!

Det er ikkje alltid ein gidd å lage mat, og sidan det er så godt utval i spiserier her nede har me stort sett ikkje noko problem om lysta til å koke skulle utebli :O) Ofte blir det til at me bestiller take away, men sidan Mesaieed ligg litt langt uti gokk, så er det ikkje alle restaurantar som køyrer ut. Pizza hut kom plutselig med eit tilbod. Dei køyrde ut dersom bestillinga var på 100 ryials. Dette passa perfekt for oss og naboane, for da bestile me i saman. Her forrige gang var me litt overivrige med bestillinga og sat att med mat i haug og dunge. Men kom att når me skulle bestille oss mat her ein laurdags søndag! Nei, da måtte me bestille for 150 ryials plutselig. Me prøvde å vise til brosjyre, men fekk berre til svar at sist gang hadde me jo bestilt for meir!!! Logikk! Karianne formeleg FRESA innpå kjøkkenet mitt :O) Derfor bestemte me oss for å boykotte heile Pizzahut og dra inn til Wakra og ete på Papa John's istadenfor. Dei har dessutan MYKJE betre Pizza!
Det fine med Papa John's er at vegg i vegg ligg costa. Dette er ein Starbuck's rip off, men det er veldig gode kaker og kaffi her, så da er alle fornøyde. Ikkje like god kaffi som på Starbuck's da, men heilt OK! Så da blei det Vanilje frappuchino på ungane og kaffi på oss og kaker på heile gjengen. Mmmmmm kjem til å sakne dette ja!
Tøffare enn toget, og litt til. Skikkelege globetrottarar er dei blitt desse ungane våre!
Til dei som ikkje allreie har skjønt det, så bestilte Lina seg sjokoladekake! Den var omlag like stor som eit hus! Men smaka kjempegodt. Marcus bestilte seg Tiramisu kake og den smaka visst godt den og. Men mor fekk ikkje smake ein einaste bit! Guten kleste i seg ALT aleine, og den var ikkje liten den heller.
Kva gjer ein når ein er minstemann som verken får Pizza, kake eller frappuchino? Jo ein køyre fly! Sjekk ut den truten da! :O) Ein kjekk dag, med kjekke naboar!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar