mandag 19. april 2010

Hello Kitty!

Kattepusane veks og vert større for kvar dag som går. Dei er berre så nydelege!!! Dei er byrja kravle litt opp på kanten av kassen for å sjå på verden utanfor. Då hjelp det sjølvsagt litt at Lina har vore så flink å preparere for dei. Ho MÅTTE sjølvsat rive av eine hjørnet på isoporkassen og demolere den i tusen bitar OPPI kassa. Det såg jo ut som det hadde vore snøstorm oppi der :O) Men dei tykte i allefall at mamma var bra egoistisk som ikkje ville dele kattemat med seg desse to som her heng over ripa. Det er Pondus og Tigern trur eg. Dei tre brandete er så like at det iblandt er vanskeleg å sjå forskjel på dei.
Dei er også så smått byrja leike seg litt. bit litt i øyrer og hale på kvarandre og fektar litt med potane sine der dei sjanglar rundt. Dei er ikkje heilt stø på labben enno kan du seie, men her ein dag fekk Tiger'n skikkelig fart på seg der han dura rundt i ring nedi kassen. Litt ustø, men det såg gøy ut! Dei andre berre kika dumt på han :O) her er det Jokke og Gyda som er i farta.
Dei er jo berre sååååååå søte desse småtrolla. Dette er Jokke og Melis. Melis er skapleg selskaps-sjuk og når eg kjem so er ho den første som møter handa mi for litt kos, og sidan er det ei remjing og ei bersle etter å kome opp. Når ho so har fått kome opp så er det like mykje jamring for å kome nedatt :O) Det blir litt sånn ubestemmeleg, alla "det satt to katter på eit bord" :O)
Litt ettertenksom Gyda her... Ho er litt sjef denne dama her, og ho kranglar gjerne med brødrene om puppen. Melis er litt meir push-over. Ho er meir verbal. Denne vesle frøkna her hissa seg opp første gangen eg var bak vanntanken for å sjå på dei, så innstinkta er nok vel-utvikla. Men no er ho ei skikkelig kosejente, og den finaste ungen i kullet.
Nemi er skikkelig kattemor og ligg stort sett på rygg med puppen tilgjengeleg. Litt vask må til innimellom, så det er ikkje mykje griseri i kassen hos dei nei! Reint og fint! Her er det Gyda som får seg ein omgang.. Det skal bli spanande å sjå korleis det går når dei byrjar gjere frå seg, om ho greier å lære dei det. Sjølv er jo Nemi ein utekatt, og ho har ikkje gjort i frå seg inne hos oss den tida ho har vore der. Men eg kan godt tenke meg at ungane lærer å gjere frå seg i ei kasse snarare enn ute i hagen min. Det kan bli litt heavy med 5 stykker. Nemi gjer heller ikkje frå seg i hagen, men ho kan jo hoppe opp på den tre meter høge muren som er rundt heile hagen vår. Det kan jo ikkje desse små nøsta. Men, men . Me får sjå det an ;O) Enn so lenge er dei berre små, søte og uskuldige. Mykje likt Lina, forutan den uskuldig biten :O)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar