torsdag 24. september 2009

Eid holiday!





Etter ein mnd. med faste (kremt) var det likso dei markerte avsluttinga på det kan du sei. Over alt har det vore festpynta, det har vore rakettar, sircus, ørkensafari etc. Det meste av dette var uheldigvis oppbestilt lenge før me kom på at me sikkert måtte skrive oss på ei liste... Men litt fekk me med oss.

På klubben var det pynta med glitter og fjas over det heile. Det var her sircuset var også, men det einaste som me fekk med oss var ansiktsmåling. Det sat tre filipinske jenter og måla på harde livet. Det var ikkje lange tida dei brukte på kvart ansikt, men resultatet var ganske imponerande. Madam Butterfly og herrene spidermann var rimelig fornøyde dei gjekk derifrå.


Også inne på sentera var det pynta til Eid. Desse lyktene har hunge under heile Ramadan. Denne ishockey bana ligg midt inne på citysenteret.



Så vart me innvitert til Grand Hyat plaza. Det var IKKJE småtteri. Ein slik luksus og detalj sans har eg aldri sett før. Langs parkeringsplassen låg det små basseng , og det var ganske mange bygningar som til saman utgjorde heile hotellet. Me blei vist inn i eit DIGERT festlokale som sikkert tilsvara to idrettshallar. I det eine rommet var det mat i lange baner og i det andre var det laga til ein restaurant. Det var tradisjonell musikk og kulturinnslag og det vart filma og vist på storsjerm slik at alle fekk det med seg uansett kvar i rommet ein var. Lina kom på storskjerm medan ho låg på golvet og rulla seg :O) Eg kom eg også, medan eg fekk hennatatovering på handa. Til slutt fekk me vere med på bryllupssermoni, så dette var virkelig eit kulturelt drykk, og eg er veldig glad me drog! Eit minne for livet.

Grand Hyat Plaza ligger heilt ute ved the pearl. Dette er ein konstruksjon som skal ta opp same byggestilen som palmane i Dubai. Det er bygd to øyer som er omkransa av bygg. Det meste er foretningsbygg og leilighetar. Dette er luksus frå ende til annen. På vegen ut dit må ein køyre corniche street. Denne følger Doha sin skyline, og det er eit vakkert skue. Sjølve gata har sju kilometer fortau som følger langs vasskanten. Ganske fint.


locked and stucked.



Geir fekk ein ny hobby når me drog frå gamlelandet. Marcus fekk avskjedsgåver frå vennene sine før han drog, deriblant ei rubiks kube! Genialt tidsfordriv for ein seksåring. Det var berre det at guten aldri slapp til! Far okkuperte leika frå dag ein, og sidan fekk me ikkje kontakt.


Under heile flyturen at han og fikla og vrei både på kula og skalpen for å finne ut av dette mysteriet. Etter me kom ned blei det heller ikkje noko betre. På hotellrommet kunne han sitje halve natt for å finne ut av det, og så kom Lina om morgon og skrudde vilt, slik at alt system blei øydelagt :O)

Etter at me flytta ut til Mesaieed blei det noko betre. Kuba blei jo pakka ned når me flytta ut frå hotellet, men straks den dukka oppatt var papsen på hogget atter ein gagn! Skikkelig sosialt vettu :O) Neste skritt i løysinga var å søke på internett etter løysningsmåter. Det gjekk bra til eit visst punkt, så var det full stopp!

Etter mange seine kveldar, mange bom forsøk, lite velkomen hjelp frå søte små fann hanendelig ei god side, og vips, så var problemet løyst. Det var ikkje ein lite stolt kar som kunne legge fram ei fiks ferdig kube. No driv han å finpusser på teknikken, så da kan ungane få øydelegge så mykje dei vil.

Ja, ja, kvar sitt tidsfordriv... :O)

tirsdag 15. september 2009

Two prince's(s)


å seie at Lina er ei lita prinsesse er kanskje å dra det litt langt. Vist har no blitt litt meir interessert i kjolar og sånn, men ho er helst ei lita gutejente. Viss me er heldige så får me lov til å kambe håret, men det er ikkje kvar dag det heller.

Me var inne på villagio her ein dag å da fann me denne fine hårbøyla. Den skulle tøttemor ha ,og var veldig stolt. Ho gjekk faktisk med den heile den dagen. Men i ettertid har det vore mest stas å berer prøve den. Å få håret bort frå augene skulle ein kanskje tru var litt godt, men neida! Prinsesse vil ikke!!!! Det er vel det nærast ho kjem å vere ei prinsesse.Så fort ho får sjansen er det å røske bølen av att, og so ser ho ut som den vesle trollemora ho er :O)
Marcus på den andre sida har alltid lika å pynte seg. Når me har vore på besøk av besta har lypsylen vore flittig i bruk! Han måtte jo berre få prøve denne hårbøylen han og da, og han blei rett søt! Litt meir fotogen en systra kan ein trygt seie. Ikkje for det, ho kan endelig viss ho vil den tøtta også, men det er så skjeldan ho VIL det same som meg :O)

lørdag 12. september 2009

Welcome to the zoo!



Våre kjære naboar har vore belemra med ein del uinviterte leigebuarar i hagen sin. Det starta med ei rotte. Ei stor, brun rotte, som ikkje var særleg søt. For å sitere Karianne: "Vi snakker ikke rottatoui her altså!" Rotta bur under huset og ingen veit akkurat kva status på rotta er pr dags dago. Det kom en dude og skulle fikse holet. han la to! steinar nedi og såg seg ferdig med arbeidet. Det s kulle kome in ny dude å stappa i noko sement, men han har me ikkje sett-. "nei, han har vi iiiiiikke sett :O)"






Så kom overraskelse nr to. Da Ronny skulle bere hagemøblane ut i hagen kom han eit stykke nedi stol-stabelen før han stoppa. Der var det altså ei BIKUBE; eller i allefall ei klynge bier som leika bikube i rottingen! Honningbier kunne duden melde, som spylte dei vekk med hageslangen. Ferdig butikk!

På hagemuren sin har dei firfisler, eller salamandarar. Bitte små og lynkjappe i følge naboen! Trur det er gekkoar. Me har ikkje sett nokre på vår mur enda, men det er ganske mange av dei her nede. Nokre andre her nede har ei jente som tykkjer at desse småtassane er ganske søte, og det er dei jo og for såvidt. I allefall ute. Ho greier i midlertid å fange dei og tok så med seg fire stykk inni huset. Ikkje så populært. "Kvar i h....... blei dei av!!!"

Som sagt har me vore spart for diverse ubehagelige overraskelsar i dyreverden, men i kveld sat eg her ved pc'n då eg plutselig ser det heng nokon på ruta. Når eg får kikka litt nærmare, dvs etter at blodet har returnert til systemet, ser eg at det er ein pusekatt. Ein fin kvit og spraglete katt med halsband. Fin var den, men den ville ikkje vere i hagen. Den ville inn å kose den. Eigar eller katt, okke som, heiter i følge skiltet Ahmed. Lurte katten ut gjennom huset med litt leverpostei, men kresne katter her nede, vill slett ikkje ha det. Men han farta lenge rundt huset vårt i gata her, så ikkje umulig at den kjem att ein dag.

Katter; anytime! Rotter, bier eller gekkoar: Sorry, ingen adgang!

Dame, get up and bake your pie!




Sidan me stullar heime om dagane no, eg og Lina, må me prøve å få tida til å gå! Bake er gøy, og ikkje minst, smake er enda meir gøy!!!

Lina er ein skikkelig hjelpes kokk! Ho skal helst regjere oppå kjøkkenbenken. Eg har kjøpt ei sånn stege trapp, men den duger ikkje. Då rekk ho nemleg ikkje til ALT som er oppå benken, og då er halve moroa vekke. Det må seiast, at av og til skulle det nok gått raskare UTAN hjelp, men det hadde vel vore enno mindre GØY!

Her driv me å lagar bananmuffins. Dei blei gode! Me hadde så mange overmodne bananer liggande, så då måtte me prøve å finne ein måte å bruke dei på! Deilige muffins med banan og kokesjokolade. Faktisk dei første muffinsane eg har bake, for utan toro-posane, som faktisk har sett vetige ut!

Naboane er testkaninene mine kvar gang eg lagar noko, så dei vart fora dei med, men mesteparten havna nok i magen på denne tøtta her :O)

HELP!



Oliver og Lina er blitt nesten symbiotiske i sitt venskap. Eit blikk eller ei fakte er ofte nok til at den andre skjønar kva beskjed som gjeld. Dei er ganske gode på å oversjå og overhøyre all informasjon dei ikkje tykkjer noko om. Då himlar dei litt med augen, blunkar ofte og lestar som INGENTING! :O) Dei er veldig søte da.

Her om dagen var me ute å leika i sanden på framsida. Unødvendig å seie at dette tykkjer desse to små kroppane er heilt toppers-maloppers og når det då er kveld, ja då vil dei sjølvsagt ikkje inn att.


Oliver blei til slutt lempa over skuldra til Ronny men da gjekk alarmen på tøtta: HJELP, Hjelp, han Oliver trenge Hjelp! Har snakkar me overgrep i stor skala. Om ein skal inn å legge seg eller ikkje, det er ein kampsak. Ikkje ofte dei vinn da, men akkurat den kvelden måtte me berre fline litt, og då gjekk det fort ein halvtime til ute. Luringar, det er det dei er.

Må berre flette inn ein anna genialt gullkorn frå Oliver: Han står så andektig å kiker opp på den stjernelause himmelen og so kjem det: "Mamma! Mamma!!! Er du der oppe??" Da måtte me trekke på smilebandet igjen.

fredag 4. september 2009

Det er mangt å mykje som er annleis her i Qatar, htm f.eks. Det eksisterar ikkje! Alt arbeid vert gjort manuelt, blandt anna å feie gatene. Da går ein framfor og kostar og ein går etter med spade og hiv i skuffa på bobcaten. Slik får dei jo jobb til alle da. Tre man for å sope gata, istadenfor ein i ei maskin! Kanskje ikkje så dumt???? Dette biletet viser også at ikkje alle er muslimar og overheld ramadan her nede. Medan me blir tuta øyre full av kor viktig det er å vise hensyn til religion og kultur tek altså desse indarane seg ein liten drikkepause i gata vår klokka halv åtte om morgon :O) Def. ETTER soloppgang dette :O) Det som er enda meir ironisk er at i huset over gata, som dei har parkert utanfor tilhøyrer då han som def. er muslim i gata vår :O)

Oppe på taket står vanntankane våre. Det er ikkje snakk om noko sikkerheit når dei skal opp å sjekke den hell- Opp ein stige, 7 meter rett opp, vandre rundt på taket i solsteiken i KJELEDRESS! Jada! Me kosar oss i AC-innetemp, jamne 25. Er egentlig ikkje interessert i å bytte.


onsdag 2. september 2009

Love letters in the sand....


Bur ein i ørkenen, ja så bur ein i ørkenen og ein tilpassar seg deretter. Me andre er kanskje ikkje så overbegeistra for all denne sanden overalt, men Lina og Oliver derimot tykkjer det er KJEMPE stas! Det første Lina gjorde når me kom til huset her var å sette seg i eit av bedda som var laga til utanfor huset og leike i sanden.

Her om kvelden tok dei heilt på framsida av huset. Det regna sand, dei symde i den og laga sand-englar :O) Du kan trygt seie at det viste i badekaret når me dusja seinare på kvelden. Lina hadde sand OVER ALT. Inni øyregangane, i heile hårbotnen, nedi trusa. You name it. Men GØY var det.
Etter ei stund kom Anne Margrethe og blei med på leiken også. Dei var litt skeptiske desse små til å begynne med, spesielt Lina. Må ikkje kome her og kome her å tru at ein berre får innpass i denne ligaen! (Les Oliver og Lina, er såvidt Marcus får lov til å leike med dei!!!) Men etter mykje tull og tøys og seriøs kitling måtte ho gi tapt og latteren trilla over heile gata her. Eg trur naboane har fått med seg at me har flytta inni alle fall.