mandag 19. april 2010

klippe, klippe, klippe

Lina har ikkje hatt nokon løvemanke å vise til, så det har vorte lite med hårklipp. Mor har klippa ho ein gang, i fjor vår før fotografering i barnehagen. Det skjedde medan jenta pussa tenner og resultatet blei deretter. :O) Her nede har ho vore ganske klar på at noko klipp blir det IKKJE. Det er VONDT og sånn er det med den saken.

Her om dagen hadde med frisøren på besøk. Luksus her i Qatar må vite, frisøren kjem på døra til deg:O) Da fekk me med list og lempe lokka og lura ho til å ta turen opp på stolen. Ho var MEGET skeptisk til dette og følte nok at no blei ho godt lurt! Men som de ser vart resultatet eit stort smil og ho var så stolt fordi ho hadde klippa seg. So no er det litt mindre floker å kjempe mot!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar