tirsdag 25. mai 2010

Rosa PSP

Lina har lenge ønska seg ein Psp sånn som broren har. Ho greier jo ikkje å spele so mykje på den, men DU VERDEN så flink ho er til å trykke! Og so kan ein jo spele musikk på den, og sjå film på den, alt dette er av interesse.

Ettersom eg no skal reise heimover med dei aleine har me gått til anskaffelse av det me trudde var ein rosa Psp. Den var då lilla, men prisesse vil ikke godtok det glatt. Med eit Hello Kitty spel på kjøpet var alt perfekt.... bortset frå den vesle tingen med å handtere den da :O)

Så ettersom ho ikkje får til å pusle, og heller ikkje ser ut til å vere så interessert i å lære det sit ho ofte å ser på dei andre som spelar det, mens ho legg beslag på Marcus sin psp og diggar AC/DC og rokkar vilt :O)

nedteljingskalender

Sjølv om me har det alletiders her i Qatar så er det ikkje fritt for at me lengtar litt heim no. Ungane har masa lenge. Dei saknar Dino, bestemor og besta og dei skønar nok ikkje kor nær avreisa egentlig er... Det er mykje som skal pakkas og ordnas før den tid, men me ligg ganske bra i rute.

3 veker er sjølvsagt mykje lenger for små barn enn for travle vaksne, så me laga oss ein nedteljingskalender..... Snart så er me heime. :O)

bleiekake til Danisk

Våre indiske vener over gata fekk seg ein fin liten gut i slutten av April. Dei er hindiar og øsnka seg ikkje noko gåve, babyen hadde det den trengte. Men det er jo litt tuske å gå på besøk utan gåver, så me mekka i hop ei bleike-kake. Her kan ein jo for såvidt putte det meste inni, men sidan me kunn skulle ha bruksting begrensa det seg litt. Det blei ein smukk, ei tåteflaske, negleklippar, skeier, tannkost, stellekrem, babyolje og eit par fine sokke-sko som me ikkje greidde å gå i frå.... I tillegg hadde me med oss ei stor korg med kanelbollar!

Når me kom over låg heile huset og sov! Det var kviletid og der kom me trampandes. Guten, Danisk , var berre så søt og ganske lik bror sin. Ein liten innsurra bylt som låg og sov i ei diger dobbeltseng :O) Rino diska opp med kaffi og snacks, noko som faktisk var ganske godt. Me hadde friskt i minne forrige besøk til indisk familie, så me var forsiktige med å ta til oss :O)

Pappan i huset viste stolt fram bileter frå heimstaden i nord-india, og det var nesten som å sjå Noreg faktisk! Så kom det 17.mai bileter på rekke og rad. Førre året var han på Sundalen under 17.mai og det tykte han var ei fin oppleving.

Det er kjekt å treffe så mange, flotte nye folk, men synd at me ikkje har meir omgang med dei. Men kulturen og språket, samt religion set sine grenser. Men me prøver... :O)

Gyda

Lina har funne sin favoritt blandt pusane: GYDA! Ho er forsåvidt alle sin favoritt, for ho er søt! Men stakkars kreket får virkelig gjennomgå! Ho vert hipsa og boren frå morgon til kveld, kneft og innpakka i teppe.... Må sjå på film og ligge rolig. Eg trur i blandt at ho spelar død for å få fred, for med ein gang Lina ber ho inn i stova so legg ho seg pang ned og søv! Katatonisk sjokk er jo og ein muligheit. Ho blir i allefall sosialisert søte, vesle Gydamori vår!

Evigheitskule

Marcus har lenge masa på oss om han ikkje kan få evigheitskule! Dette har me sagt nei til då tanken på eit godteri som skal vare i fleire veker, der du tek det fram for å sleike på det, puttar det tilbake i posen for å gjennta prosessen med jamne mellomrom har vore lite tiltrekkandes .... Men her om dagen fann eg ei som var ganske lita, så eg tenkte han endeleg skulle få ønsket oppfylt! Og gjett om guten vart glad!!!!!!!!!!!!!! Sidan kosa han seg vel og lenge, og her ser de resultatet. Det er visst slik at det er forskjellige lag i kule, og han har no kome inn til det gule! Men det er vel inga tvil om at det ytterste laget var KVITT!

søndag 23. mai 2010

17.mai

17.mai kjem enten ein er her eller der i verda. Merkeleg no, så tykkjer eg nesten dagen vert enno meir stas når ein er utanfor landegrensa. Slik var det i England også. Ein får skikkeleg nasjonalkjensle denne eine dagen som verkeleg er VÅR!




Dagen starta med flaggheising, fedrelandssong og appell ved skulen. So bar det avgårde i tog. Skikkelig varmt i 41 varmegrader, men også flott med mange festkledde menneske og hornmusikk, noske flagg og høge hurra rop; nett slik det skal vere på 17. mai.

Etter at me var ferdige på skulen gjekk me heim, da var det pause i programmet fram til klokka 17.00. Heime kokte me rømmegraut etter tante most si oppskrift. Den blei kjempegod, også dette gav 17. mai stemning :O)

Så var det å pynte 17.mai kake. Kvar familie skulle ha med seg ei kake til tilstellinga, så det var litt av eit kakebord der, med rundt 500 påmelde!!!! Mykje godt å velge i. Det var forferdelig med mygg der nede, så me holdt nesten ikkje ut! Men tanken på gratis tur retur billett doha/Oslo holdt oss der, men desverre var det ikkje vår lukke denne dagen. Naboen derimot vann eit flott foto trykk på ramme :O) Nokon har flaks, andre ikkje. Det var i allefall ein flott dag saman med gode vener.

onsdag 12. mai 2010

guitar hero!

Eg har i mange år masa på Geir om at han bør skaffe seg eit par med briller. Litt greitt med avlasting frå linser innimellom. Men som dei fleste veit så er det både dyrt og dyrt :O) med briller i Noreg. Her nede kan du gjere reine brille-kuppet!!

Så etter at eg fekk drege han med meg til brillebutikken kom han heim med dette police paret. Snedden kar :O)

Geir har alltid vore glad i musikk, han har berre ikkje praktisert det. Men nå har han snakka ein del om at han kunne tenke seg å lære gitar. Og når han først tenker å gjere noko med saker og ting, ja då går det fort! Så her ein dag stod det ein epiphone less paul i stova. Det øves flittig kvar dag, og målet skal nok nåast. No har han noko å drive med dei vekene han skal vere aleine her i sommar :O)

den som sover synder ei

Kattungane er eit naturleg midtpunkt i kvardagen. Lina bur meir inne på rommet deira enn ho gjer med oss andre. Du kan trygt seie dei får køyrt seg litt desse søte små. Dei kjem i allefall til å vere vane med handtering når dei får ny heim ein gogn.

Ho tykkjer jo det er enormt stas å ha dei inn i stova. No er ikkje Lina favorittpersonen deira, då ho kan vera noko valdsam med dei, men å få ligge på bringa has far for å sova, det er greitt. Etterkvart som Lina bar inn fleire og fleira pusar hadde han til slutt heile bøttebaletten på 5 kattungar sovande oppå her. Då lika han far seg godt :O)

søndag 2. mai 2010

tannlaus

For ei tid tilbake kom Marcus og viste meg at han hadde fått ei laus tann! sidan mora sjølv var så seint ute med sin tannfelling var eg ikkje byrja vente på dette enno. Men det gjekk ikkje mange dagane før guten ein kveld (4/4) kom styrtande inn i stova då han stod å pussa tenner. Tanna hadde nemleg dotte ut!!!! Så nå går han rundt å gliser med eit gapande hol. Guten vår held på å bli stor.....

lørdag 1. mai 2010

Benny Hill!

Ørkenkøyring er ein del av kvardagen her nede. Kvar fredag køyrer det ut koloner til Innland Sea. Det er in tarm av den persiske gulfen som snik seg inn i grensa mellom Qatar og Saudi Arabia. Det er to typar køyring som gjeld; dynekøyring eller salt tracket. Ettersom sjøen stadig krympar er det blitt ein hardpakka veg i det gamle leiet. Dette er ei mindre spanande rute, men også mindre krevjandes for sjåføren. Fram til jul var det Geir som køyrde i ørkenen, for då hadde han jo fri kvar fredag. Etter at han byrja på skift var det enten å peise ut sjølv, eller å stå over. Til slutt fekk eg mota meg opp, men eg tok altså Salttracket :O)

Uansett kva rute du tek endar du opp ved ei dyne som blir kalla for Benny Hill. Den er rimeleg bratt og det er skikkelig sug i magen fyste gongen ein hiv seg utover den. Andre turen min ut i ørkenen som sjåfør var når Adrianne og Rine var på besøk. Første gangen køyrde eg utanom Benny Hill, men det er jo litt kjekt for besøket å oppleve slikt, så eg heiv meg avgarde. Sjølv om eg hadde vore med på sklituren ned som pasasjer, var det eit kjempe kick som sjåfør og - og biletet talar for seg sjølv ;O)

Thunder and lightning, very very frightning!!!

Stort sett kan me skilte med mykje fint ver her i Qatar. Sol, sol, sol, fin temperatur og lekre forhold. Men ettersom det er relativt høg luftfukt her nede, så er det også ein del torebyger. Det har i allefall vore det i vinter. Me har vel jul-afta friskt i minne. Da var eg nesten litt imponert over Lillian! Ho som er SÅ redd for torever greide å holdes eg ganske rolig :O) Det er litt dårlige bilder her, for dei er tatt med mobilen, men øverst her er om kvelden før uveret sette inn.
Me hadde gått og kjent på kor klamt det var heile dagen, så når det begynt sprang eg og Karianne ut med fotoapparata med ein gang. Og for eit lyshow det blei! Det tora og buldra i eitt idle bankande og lyna lyste opp heile himmelen!
Du ser liksom litt fargeforskjell fra det første biletet i dette innlegget. men å fange eit lyn er jo ikkje det enklaste, for det er jo over før kamera rekk å reagere, men ved å ni-knipse i ett så fekk eg inn eitt blinkskot til slutt.
Ganske imponerande og eg må seie eg er litt facinert av lyn.... Fint å sjå på sa mamma, men du kan ha det der nede, for eg vil ikkje ha det!