Her ein dag so var det eitt eller anna me skule gjere på, men "først skal mamma drikke ein kaffikopp", sa eg. Lina for då som ei skotapil ut på kjøkkenet og eg tenkte ikkje noko meir over det før eg høyrde det byrja klirre i ein kopp. Da hadde tøttemor vore i oppvaskmaskina og henta seg ein kopp, fram med tørrkaffien, to t.skjeier i koppen og så muggen på plass under dispenseren og på med varmt vatn. Da blei eg litt overraska! Learning by doing er tingen, så dette har ho nok studert godt når me har laga kaffi til oss sjølve :O) Flinke, store, vesle Lina mi :O)
fredag 30. april 2010
Coffe - Tea?
mere papa john's
onsdag 28. april 2010
Middag!
Gutteklubben frisk og freidig!
Hanging tough!
Full fres!
Dei har byrja utforske livet utanfor kassa no. Nemi blir litt stressa av dette, for plutseleg er dei over alt, og kven skal ho hanke innatt først. Ho tykkjer det er tryggast når dei er vel plassert oppi kassa alle mann. Dette er sjølvsagt fånyttes. Så fort ho har putta dei oppi att, så er dei utatkomen. Dei tek liksom fart og hiver seg over kanten da. Dei har også byrja "slåss" litt med kvarandre. Bite i øyrer og hale, og skuggebokse litt. Full fres dagen lang med andre ord!

Knoll og Tott!
Lina er jo heller ikkje så flink til dette med å halde seg innanfor bildet, ei heller at det skal vere realistisk det ho fargelegg. Her får perfeksjonisten Oliver litt problem. Samtidig som han er djupt konsentrert om sitt eige arbeid, så må han gløtte litt bort på ho tøttemor som berre "øydelegg" bildet sitt. Da får ho påpeik med ein gang! "NEI, LINA! Ikkje sånn, det skal ikkje vere den fargen der. Sjå her skal eg vise deg" Å sånn driv dei på. Han prøver etter beste evne å hjelpe og ho drit fullstendig i det. Men viss ho er rett heldig får ho snike seg til å rable litt i boka hans mens han hjelper ho. Da går alarmen på Oliver og Lina er såre fornøyd med livets tilstand. Å sånn går nu dagan :O)
Markens Grøde
søndag 25. april 2010
Kebab to the people!
lørdag 24. april 2010
Velkomen til gjørmesouqen!
mandag 19. april 2010
Hello Kitty!
Scrapperi-scrappe-ra!
klippe, klippe, klippe
Her om dagen hadde med frisøren på besøk. Luksus her i Qatar må vite, frisøren kjem på døra til deg:O) Da fekk me med list og lempe lokka og lura ho til å ta turen opp på stolen. Ho var MEGET skeptisk til dette og følte nok at no blei ho godt lurt! Men som de ser vart resultatet eit stort smil og ho var så stolt fordi ho hadde klippa seg. So no er det litt mindre floker å kjempe mot!

Æ kan bake!
Ungane er van med at ho mor bakar og styrer på tidt og ofte. Me inviterer gjerne naboane på prøvesmaking. Karianne har aldri lagt skjul på at ho ikkje trives SÅ godt på kjøkkenet, men når lysta kjem over ho, så har ho mykje godt å by på ho også, som desse skulebollane ho diska opp med laurdags morgon. Mmmmm, ingenting er så godt som skuebollar.
Det som var litt morosamt var at når ungane kom springandes og bråstoppa fordi dei såg deilige bollar på bordet, snudde dei seg til meg og spure: Kan me få ein bolle og mamma???? Eg sa som sant var at det er ikkje mine bollar, så det kan ikkje eg bestemme. Lina såg seg rund bordet og stoppa ved Karianne. So snudde ho seg til meg att og eg forventa at ho skulle spørje om det var Karianne sine bollar. Men neida :O) Ho ser på meg og seier: Kven er det då som har baka bollar???? At det var Karianne trudde ho ikkje noko på :O) Av fulle folk og born skal ein få høyre det heiter det seg. Me fekk oss ein god latter i allefall.

Tykte Daniel var bra stilig i supermanndrakta si! Så den måtte eg berre ha med. :O) Han er blitt så stor no, ein skikkelig skøyar, sjølv om han er litt meir gneten på smila sine. Får berre sånne lure, halvdregne flir. Pønske sikkert på noko faenskap. Det har han sikkert etter far sin, sidan han har høgden etter mora ;O)

søndag 11. april 2010
These are a few of my favourite things..
Me har lenge gått å venta på at Nemipusen skulle få kattungar. Det vil seie, me har venta heilt sidan ho kom i oktober, for ho esa jo ut. Dette skuldast nok berre tilgang på mat, noko katten visste å forsøyne seg av. Men over nyåret blei det reine Romeo og Julie tendensane uti tunet her. Det aula med grakatter over alt, og prinsessa sprada rundt og avviste dei fleste. Men so blei ho ferska av naboen sin son på 7 år:
- " Du Britt Kari, Nemi pusen er med dei andre pusekattane!"
-Det går bra det så lenge dei er snille med kvarandre.
-Men eg vett ikke om han va snill med ho, for han hoppa opp på ryggen henna!!!!
:O) Kva svarar ein då ????
Så blei katten større og større og tyngre og tyngre. Heten steig og den torde til og med legge seg under sykasen til Karianne. Det må då seiast at Karianne ikkje liker katter, og har sett seg i respekt hos Nemi. " Du går ikkje over trappa mi Nemi!!" Så styrer Nemi pusen fint utom og held seg hos oss. Men hagen til Karianne har ho alltid lika, men etter at Karianne byrja vatne favorittplassane gjevnleg har ho ikkje vore der så mykje heller. Det var nesten her eg rekna med ho skulle fø kattungane..
Så forsvann Nemi pusen! Eg skjøna jo at ho sikkert skulle føde, og ville gjerne finne ho slik at det ikkje blei villkatter av heile gjengen. Eg gjekk feltet rundt å leita under alle busker, ropa og lokka, men ingen Nemipus. Då hadde eg ikkje sett ho sidan kvelden før. Litt tusken for eg heim og sat i bakhagen med Geir. Då eg tok til å vatne høyrde Geir brått ein lyd. Kva var det bak tanken ???? Og når eg åla meg inn så låg Nemipusen der, med sine fem søte små kattungar.
Korleis ho har kome seg dit skal fulane vete. Ho var i allefall for tung til å hoppe opp på muren når ho var gravid, så mitt forslag er at ho har født dei utanfor i buskene og så flytta ein og ein inn i hagen min. Ikkje veit eg og ikkje bryr eg meg. Det viktigaste er at dei er her og me kan kose med dei :O) Så gjenstår det berre å finne heimar til dei........
Long time no see
Så var Mesaieed 763 tilbake på blog også. Det er synd å seie eg har vore flink, men det har ein samanhang med dårlig nett og anna å finne på enn å sitje framfor datamaskina akkurat når me hadde nett. Når enn på dagen det måtte vere.
Det har sjølvsagt skjedd mykje og mangt sidan Eid-ferien i september. Me nemner besøk frå Noreg, Kari og Trygve, samt May Britt, Rune og Bjørnar, juleførebuing, Bestemor, Bestefar og Onkel på julebesøk, Trond og Camilla i februar og Rine og Adrianne i mars.
Innimellom alle desse besøka har det sjølvsagt vore både små og store hendingar i gata, kvardagen vår. Me har blandt anna fått nye naboar. Bjørg og Svein Gustav flytta til Wakra og me fekk in eit par frå mosambiq med 3 barn. ME SAKNAR BJØRG OG SVEIN GUSTAV:O)
No skal me forsøke halde liv i blogen ei stund framover, men lovar ingenting ;O)
Abonner på:
Kommentarer (Atom)