onsdag 2. september 2009

Love letters in the sand....


Bur ein i ørkenen, ja så bur ein i ørkenen og ein tilpassar seg deretter. Me andre er kanskje ikkje så overbegeistra for all denne sanden overalt, men Lina og Oliver derimot tykkjer det er KJEMPE stas! Det første Lina gjorde når me kom til huset her var å sette seg i eit av bedda som var laga til utanfor huset og leike i sanden.

Her om kvelden tok dei heilt på framsida av huset. Det regna sand, dei symde i den og laga sand-englar :O) Du kan trygt seie at det viste i badekaret når me dusja seinare på kvelden. Lina hadde sand OVER ALT. Inni øyregangane, i heile hårbotnen, nedi trusa. You name it. Men GØY var det.
Etter ei stund kom Anne Margrethe og blei med på leiken også. Dei var litt skeptiske desse små til å begynne med, spesielt Lina. Må ikkje kome her og kome her å tru at ein berre får innpass i denne ligaen! (Les Oliver og Lina, er såvidt Marcus får lov til å leike med dei!!!) Men etter mykje tull og tøys og seriøs kitling måtte ho gi tapt og latteren trilla over heile gata her. Eg trur naboane har fått med seg at me har flytta inni alle fall.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar