torsdag 24. september 2009

locked and stucked.



Geir fekk ein ny hobby når me drog frå gamlelandet. Marcus fekk avskjedsgåver frå vennene sine før han drog, deriblant ei rubiks kube! Genialt tidsfordriv for ein seksåring. Det var berre det at guten aldri slapp til! Far okkuperte leika frå dag ein, og sidan fekk me ikkje kontakt.


Under heile flyturen at han og fikla og vrei både på kula og skalpen for å finne ut av dette mysteriet. Etter me kom ned blei det heller ikkje noko betre. På hotellrommet kunne han sitje halve natt for å finne ut av det, og så kom Lina om morgon og skrudde vilt, slik at alt system blei øydelagt :O)

Etter at me flytta ut til Mesaieed blei det noko betre. Kuba blei jo pakka ned når me flytta ut frå hotellet, men straks den dukka oppatt var papsen på hogget atter ein gagn! Skikkelig sosialt vettu :O) Neste skritt i løysinga var å søke på internett etter løysningsmåter. Det gjekk bra til eit visst punkt, så var det full stopp!

Etter mange seine kveldar, mange bom forsøk, lite velkomen hjelp frå søte små fann hanendelig ei god side, og vips, så var problemet løyst. Det var ikkje ein lite stolt kar som kunne legge fram ei fiks ferdig kube. No driv han å finpusser på teknikken, så da kan ungane få øydelegge så mykje dei vil.

Ja, ja, kvar sitt tidsfordriv... :O)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar