fredag 4. september 2009

Det er mangt å mykje som er annleis her i Qatar, htm f.eks. Det eksisterar ikkje! Alt arbeid vert gjort manuelt, blandt anna å feie gatene. Da går ein framfor og kostar og ein går etter med spade og hiv i skuffa på bobcaten. Slik får dei jo jobb til alle da. Tre man for å sope gata, istadenfor ein i ei maskin! Kanskje ikkje så dumt???? Dette biletet viser også at ikkje alle er muslimar og overheld ramadan her nede. Medan me blir tuta øyre full av kor viktig det er å vise hensyn til religion og kultur tek altså desse indarane seg ein liten drikkepause i gata vår klokka halv åtte om morgon :O) Def. ETTER soloppgang dette :O) Det som er enda meir ironisk er at i huset over gata, som dei har parkert utanfor tilhøyrer då han som def. er muslim i gata vår :O)

Oppe på taket står vanntankane våre. Det er ikkje snakk om noko sikkerheit når dei skal opp å sjekke den hell- Opp ein stige, 7 meter rett opp, vandre rundt på taket i solsteiken i KJELEDRESS! Jada! Me kosar oss i AC-innetemp, jamne 25. Er egentlig ikkje interessert i å bytte.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar