lørdag 12. september 2009

Welcome to the zoo!



Våre kjære naboar har vore belemra med ein del uinviterte leigebuarar i hagen sin. Det starta med ei rotte. Ei stor, brun rotte, som ikkje var særleg søt. For å sitere Karianne: "Vi snakker ikke rottatoui her altså!" Rotta bur under huset og ingen veit akkurat kva status på rotta er pr dags dago. Det kom en dude og skulle fikse holet. han la to! steinar nedi og såg seg ferdig med arbeidet. Det s kulle kome in ny dude å stappa i noko sement, men han har me ikkje sett-. "nei, han har vi iiiiiikke sett :O)"






Så kom overraskelse nr to. Da Ronny skulle bere hagemøblane ut i hagen kom han eit stykke nedi stol-stabelen før han stoppa. Der var det altså ei BIKUBE; eller i allefall ei klynge bier som leika bikube i rottingen! Honningbier kunne duden melde, som spylte dei vekk med hageslangen. Ferdig butikk!

På hagemuren sin har dei firfisler, eller salamandarar. Bitte små og lynkjappe i følge naboen! Trur det er gekkoar. Me har ikkje sett nokre på vår mur enda, men det er ganske mange av dei her nede. Nokre andre her nede har ei jente som tykkjer at desse småtassane er ganske søte, og det er dei jo og for såvidt. I allefall ute. Ho greier i midlertid å fange dei og tok så med seg fire stykk inni huset. Ikkje så populært. "Kvar i h....... blei dei av!!!"

Som sagt har me vore spart for diverse ubehagelige overraskelsar i dyreverden, men i kveld sat eg her ved pc'n då eg plutselig ser det heng nokon på ruta. Når eg får kikka litt nærmare, dvs etter at blodet har returnert til systemet, ser eg at det er ein pusekatt. Ein fin kvit og spraglete katt med halsband. Fin var den, men den ville ikkje vere i hagen. Den ville inn å kose den. Eigar eller katt, okke som, heiter i følge skiltet Ahmed. Lurte katten ut gjennom huset med litt leverpostei, men kresne katter her nede, vill slett ikkje ha det. Men han farta lenge rundt huset vårt i gata her, så ikkje umulig at den kjem att ein dag.

Katter; anytime! Rotter, bier eller gekkoar: Sorry, ingen adgang!

1 kommentar:

  1. du glemte en viktig vesentlig detalj!!
    Dere har en ca 2 meter høy mur på alle kanter i hagen deres! Hvordan i svarte fant katta ut at den skulle inn til dere?

    Hvorfor kunne den ikke kommet inn i hagen våres på rottejakt?? Teit katte..!

    SvarSlett