torsdag 24. september 2009

Eid holiday!





Etter ein mnd. med faste (kremt) var det likso dei markerte avsluttinga på det kan du sei. Over alt har det vore festpynta, det har vore rakettar, sircus, ørkensafari etc. Det meste av dette var uheldigvis oppbestilt lenge før me kom på at me sikkert måtte skrive oss på ei liste... Men litt fekk me med oss.

På klubben var det pynta med glitter og fjas over det heile. Det var her sircuset var også, men det einaste som me fekk med oss var ansiktsmåling. Det sat tre filipinske jenter og måla på harde livet. Det var ikkje lange tida dei brukte på kvart ansikt, men resultatet var ganske imponerande. Madam Butterfly og herrene spidermann var rimelig fornøyde dei gjekk derifrå.


Også inne på sentera var det pynta til Eid. Desse lyktene har hunge under heile Ramadan. Denne ishockey bana ligg midt inne på citysenteret.



Så vart me innvitert til Grand Hyat plaza. Det var IKKJE småtteri. Ein slik luksus og detalj sans har eg aldri sett før. Langs parkeringsplassen låg det små basseng , og det var ganske mange bygningar som til saman utgjorde heile hotellet. Me blei vist inn i eit DIGERT festlokale som sikkert tilsvara to idrettshallar. I det eine rommet var det mat i lange baner og i det andre var det laga til ein restaurant. Det var tradisjonell musikk og kulturinnslag og det vart filma og vist på storsjerm slik at alle fekk det med seg uansett kvar i rommet ein var. Lina kom på storskjerm medan ho låg på golvet og rulla seg :O) Eg kom eg også, medan eg fekk hennatatovering på handa. Til slutt fekk me vere med på bryllupssermoni, så dette var virkelig eit kulturelt drykk, og eg er veldig glad me drog! Eit minne for livet.

Grand Hyat Plaza ligger heilt ute ved the pearl. Dette er ein konstruksjon som skal ta opp same byggestilen som palmane i Dubai. Det er bygd to øyer som er omkransa av bygg. Det meste er foretningsbygg og leilighetar. Dette er luksus frå ende til annen. På vegen ut dit må ein køyre corniche street. Denne følger Doha sin skyline, og det er eit vakkert skue. Sjølve gata har sju kilometer fortau som følger langs vasskanten. Ganske fint.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar