lørdag 12. september 2009

HELP!



Oliver og Lina er blitt nesten symbiotiske i sitt venskap. Eit blikk eller ei fakte er ofte nok til at den andre skjønar kva beskjed som gjeld. Dei er ganske gode på å oversjå og overhøyre all informasjon dei ikkje tykkjer noko om. Då himlar dei litt med augen, blunkar ofte og lestar som INGENTING! :O) Dei er veldig søte da.

Her om dagen var me ute å leika i sanden på framsida. Unødvendig å seie at dette tykkjer desse to små kroppane er heilt toppers-maloppers og når det då er kveld, ja då vil dei sjølvsagt ikkje inn att.


Oliver blei til slutt lempa over skuldra til Ronny men da gjekk alarmen på tøtta: HJELP, Hjelp, han Oliver trenge Hjelp! Har snakkar me overgrep i stor skala. Om ein skal inn å legge seg eller ikkje, det er ein kampsak. Ikkje ofte dei vinn da, men akkurat den kvelden måtte me berre fline litt, og då gjekk det fort ein halvtime til ute. Luringar, det er det dei er.

Må berre flette inn ein anna genialt gullkorn frå Oliver: Han står så andektig å kiker opp på den stjernelause himmelen og so kjem det: "Mamma! Mamma!!! Er du der oppe??" Da måtte me trekke på smilebandet igjen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar