søndag 30. august 2009

these are the days of our lives....







Morgenstund har gull i munn. Det stemmer ganske bra med Lina. HO vaknar stort sett med ein lurt smil om munnen. Ho er i det heile ei ganske blid jente, men når ho då er sur, så er det til gangs. Det er enten eller, ikkje noko midt i mellom.

Dokka er gjev og Oliver tykkjer også det. Det blir naturleg nok litt krangel om den eine som kan snakke, men Lina er snill jente og låner gjerne vekk innimellom. Dokkevogna derimot må han berre IKKJE RØRE! Det er Lina si! så det så.

Forutan det er dei ganske gode på å dele. Dei går inn og av husa til kvarandre og føler seg heime både her og der. Når Oliver kjem inn til meg og eg driv og lagar mat spør han gjerne: Kva skal me ha i dag? Lina reiser ofte bort til Karianne om dagane. Oliver er då i barnehagen, men det gjer ikkje noko. Ho trivast med å få all oppmerksomheit, og mamma blir stoppa i kjøkkendøra: "isse du mamma! :O) Sa vi noko om bukta og begge endane??? Men tilbake til det å dele. Her om dagen kjøpte me oss mat på klubben og tok med heim. Ho hadde hamburger og han spagetti. Dei var litt søte da, der dei sat side ved side og to ein bit av eigen mat og så ein smaksprøve av naboen. Det var det mest naturlege i heile verda :O)

Marcus tykkjer det er litt skummelt å ta skulebussen heilt åleine, så eg må følge han bort. Her møter han ofte Thomas, og då er alt greitt. Dei er skikkelige tjommisar desse to, og dei kosar seg i lag.

2 kommentarer:

  1. Det bildet med Lina og dukkevogna ser ut som det er blitt tatt i Hollywood av en snikfotograf...! hehe

    SvarSlett
  2. Er jo ikkje så langt unna Bollywood da :O) Men skikkelig frøken, det er greitt!

    SvarSlett