lørdag 12. september 2009

Dame, get up and bake your pie!




Sidan me stullar heime om dagane no, eg og Lina, må me prøve å få tida til å gå! Bake er gøy, og ikkje minst, smake er enda meir gøy!!!

Lina er ein skikkelig hjelpes kokk! Ho skal helst regjere oppå kjøkkenbenken. Eg har kjøpt ei sånn stege trapp, men den duger ikkje. Då rekk ho nemleg ikkje til ALT som er oppå benken, og då er halve moroa vekke. Det må seiast, at av og til skulle det nok gått raskare UTAN hjelp, men det hadde vel vore enno mindre GØY!

Her driv me å lagar bananmuffins. Dei blei gode! Me hadde så mange overmodne bananer liggande, så då måtte me prøve å finne ein måte å bruke dei på! Deilige muffins med banan og kokesjokolade. Faktisk dei første muffinsane eg har bake, for utan toro-posane, som faktisk har sett vetige ut!

Naboane er testkaninene mine kvar gang eg lagar noko, så dei vart fora dei med, men mesteparten havna nok i magen på denne tøtta her :O)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar