tirsdag 25. august 2009

life at the mövenpic!




Når me var vel framme budde me ei veke på Mövenpic hotel doha. Det var absolutt ikkje mykje å klage på i den losjien. maten var heilt fortreffeleg og servicen upåklageleg. Kanskje noko lite basseng, men ungane brydde seg ikkje med det og då var det egentlig greitt. Dagane gjekk med til å bade, ete, bade, sjå på tv og ete litt meir….. trur badevekta viste litt meir når eg drog derfrå enn den gjorde når eg kom, og da prøvde eg endatil å vise litt måtehald.


Me var heldige og fekk dobbeltrom slik at Marcus og Lina hadde sitt eige rom, og mor og far sitt. Det var veldig greitt. Mange av dei som kom etter oss måtte stue alle saman inn på eit rom saman med all bagasjen sin. Du kan trygt sei at dei måtte ut for å skifte meining då. Dette var fine dagar, men hotell-livet mistar sin sjarm etter kort tid. Me var veldig gira på å få hus. No hadde det seg slik at ingen fekk hus før dei hadde vore på house meeting. Desse var lagt til kvar søndag. Då var det taktisk riktig å ankomme på ein mandag ja…..

Heldigvis hadde me litt kjentsfolk i landet so dei tok oss med ut på shopping og ut på klubben i Mesaieed. Takk til Ronny, Karianne og Oliver. Me sette stor pris på det!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar