onsdag 26. august 2009

Al-Banush club








Me får alle medlemskap i Al-banush med på kjøpet i kontrakten. Klubben ligg rett ved den norske skulen og barnehagen der. Inne på området finnest ulike sportsfasilitetar som me ikkje har sjekka ut enda. Det er LITT for varmt kan du seie :O)



Men bassenget har me testa. Ikkje noko å utsetje på det nei! Marcus er nærmast for fisk å rekne, berre at han må halde seg for nasen då! Det lagar litt krøll, men han greier å symje på ryggen no. Rett nok med baderingar, men lell! Han har eit stort håp om å lære å symje fortast mogleg, då han har veldig lyst ut på det djupe bassenget å hoppe frå stupebrettet. Når det er badebakt tilstades får han ikkje lov til det, sjølv om han brukar armringar. Ergelige greier, men som sagt; motivasjonen er på topp!

Lina har etter diverse dukkertar i bassenget heime vore noko skeptisk til vatn, men den frykten ser ut til å vere overvunnene. Ho duppar rundt og flyt på ryggen ganske bra. men vatn i fjeset er ho ikkje så glad i.

Me held oss helst her om kveldane. Det er for varmt om dagen til å gjere noko anna enn å sitje inne under air condition annlegget og kose seg. Ute kan ein nærmast steike egg på fortauet, viss det er beskrivande :O)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar