onsdag 26. august 2009

Første klasses førsteklassegut!




25 august var det skulestart ved den norske skulen i Mesaieed. Du kan tru det var ein som var klar til å begynne!!! Marcus hadde telt dagar heile veka og vore kjempe important overfor veslesyster Lina og nabo Oliver: Han måtte IKKJE forstyrrast for han sat på rommet sit og gjorde lekser! Da sat han fint ved pulten sin med diverse aktivitetsbøker og jobba som ein helt! Flinke guten min :O) :O) :O)



Lina skulle vere med på skulen ho og meinte ho, so me måtte pent bere pakke sekk til ho også! Lulu-bamsen og ei flaske med vatten, takk! Pynta seg fint og var no litt søt der ho stod fint saman med han bror på trappa :O)




Skuledagen starta på klubben der den nye rektoren presenterte seg. Han var skikkelig morsom. Han var veldig glad i song og drama så han starta eit lite ein-manns show der han først song for småskulen, iført ein bitteliten gitar. " Vil du værra med på bussen min ?" stod på reportuaret for dei. Mellomsteget fekk "orker ikke, gidder ikke" på vanlig gitar og ungdomssteget fekk "knocking on heavens door" med kontrabass! Spenstig fyr. Til avslutting fekk foreldra også ein på kontrabass: "YOU AIN'T NOTHING BUT A HOUND DOG" så fekk me det passet påskrive :O)

Læraren til Marcus heiter Beate og kjem frå Voss! Du store verden så liten den er osv. Dei er berre 6 elevar i klassen så det er litt av ein gjeng. Fem gutar og ei stakkars jente. Ho har heldigvis nokre brør, så ho er vandt til å vere einaste høna i korga.


Marcus skal ta buss til og frå skulen. Han fekk prøve å ta den heim første dagen og var så stolt! Det første han gjorde når han kom heim var å hive av seg den FORFERDELIG TUNGE SEKKEN og ta ut den EINE boka han hadde fått :O) Leksene gjekk unna i ein fei, så det lovar godt. Me er litt stolte og krye, både Marcus og mamma:O)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar