onsdag 26. august 2009

apartement nr.763 mesaieed industial city



Slik ser altså gata vår ut. Det er forresten slik alle gater ser ut :O)Huset vårt er det som litt som nr to til høgre på biletet vårt. Me deler carport med naboen og kjøkkeninngangane ligg side ved side. Me har funne oss godt til rette sjølv om huset ikkje er så personleg enno. Me får ta tida til hjelp. Akkurat no er det ramadan og det er umulig å finne ut kva som er ope når. Dei er litt fleksible på sånt her, så det treng ikkje nødvendigvis vere likt frå dag til dag.

Sjølve huset er ganske romslig. Fire soverom, stove, kjøkken og tre bad. Ungane har fått kvar sitt som dei har innreda og gleda var STOR den dagen flyttelasset kom med alle leikene! På veldig lokal folkemunne er gata no døypt HYSTERIA LANE!

1 kommentar: