lørdag 29. august 2009

ut av skapet, hmmmmm


Lina har fått ein skap fetisj her nede. På klubben er det inn i oppbevaringsskapet så fort ho kjem innom garderobedøra. Heime har ho fått heilt dilla på kleskapet sitt. Det har ei hylle nederst, med skuffer oppå og denne er heilt super å sitje på. Så da er det inn med dokker og heile bøttebaletten og "bæng" att med dørane. Ja, ja.... ho kjem vel ut av skapet ein dag :O)

Elles går det greitt heime om dagane, men ho spør mykje etter Oliver og Marcus og er ikkje heilt fornøyd med at dei får dra avgarde om morgon og ho får ikkje vere med! Når Marcus endelig kjem heim er det " pay back!" Da heng ho på han som ein klegg og er skikkelig bøllis!

Ho har også lagt sin elsk på nabo'n. Det er "anne, anne" dagen lang. Baby i magen er spanande og det er heilt sikkert plass til dokka under der også :O) Fekk litt rar fasong den magen etterpå :O) Nabo'n heiter Karianne, men her er det kun forkortingar som gjeld. Sjølv om ho greier å seie Karianne, er det konsekvent ANNE! Men her ein dag hadde Karianne besøk av ein eitt åring. Hmmmmm, det fall ikkje heilt i smak og han fekk ikkje lov til å vere borti noko av det ho dreiv med. I eit panisk forsøk på å få kontakt med Karianne for å fisle på babyen kom det imidlertid slik: Anne, anne! Anne-Kanne!!!!!!!!!!!!! Språket blir til ettersom ein brukar det osv :O)

Lina har også vore kjempeflink jente å slutta med bleie om natta. Om dagen går det også stort sett bra, men det er desse skap-episodane da..... Fin plass å gøyme seg vekk for å bomelomme.... ikkje så nøye om det ikkje ER do der!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar