tirsdag 25. august 2009

I'm leaving on a jet plain!



Mandag 10 august var avreisedatoen komen. Me hadde lagt ei hyggeleg helg i Jostedalen bak oss, og det er vel trygt å seie at ungane var LITT klare til å ut på tur. Marcus i allefall! Me åt lunch på China House med Go’mo og Go’fa før me for. Det var koselig.

På flyplassen møtte bestemor, bestefar og onkel fabro. Besta skulle begynne på jobb att, so ho var på ettermiddag. Verken Lina eller Marcus hadde floge før, og dei var litt i overkant spente. Då det var ganske mange ungar ombord nettopp denne dagen hadde piloten fått beksjed om å gi litt ekstra gass, og det gjorde ho! Lina skreik av fryd så det ljoma i heile flyet!



Å vente på Gardermoen var kanskje det kjedeligaste med heile turen, men det gjekk det også. Me måtte jo springe som nokre tulllingar for å hente innatt Lina da, men me trengte sikkert litt trim :O) I Frankfurt fekk me det litt meir travelt enn godt var. I flytte/rydde/vasken var papirutskrifta av flybiletten gått tapt og me hadde den berre på e-post- Dette var ikkje greitt når me skulle få resten av billetten, den som gjekk til Qatar der. Til slutt måtte me springe inn på flyet i siste liten. Me trengt vel ikkje poengtere at det var litt i overkant ampert ei lita stund da!

Nattflyet til Qatar gjekk fint, sjølv om ingen av ungane ville legge seg og sove! Dei slokna no til slutt lell, og Lina var rasande fordi ho ikkje fekk lov til å ligge nede på golvet mellom seta å sove! Kan du skjøne at det skulle vere noko problem??? Me ankom Doha city klokka halv seks om morgon til 40! varmegrader. Berre litt overgang! Vel innlosja på hotel fekk me lokka ungane til å ta seg ei liten kvil, noko som passa ho mor og han far godt, sidan dei ikkje hadde blunda i det heile på flyet!;O)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar