torsdag 27. august 2009

Kvardagsliv...






Sidan me har fått hus og eige kjøkken no måtte eg bake litt. Me er jo så vekkskjemde i matvegen etter ei veke på hotell, så me måtte putte inn litt kos i heime kosten og. Ettersom lukta seiv ut kjøkkendøra samla nabolaget seg og mmmmmm'a seg. Og godt var det, for både store og små.


Ungane koser seg i gata. Dei har raskt fått nye vener, og enno saknar dei ikkje gamlelandet og venene der så mykje. Det er for nytt her nede anda, og litt for spanande til det. Men det kjem nok! Oliver er naboguten vår. Fire år og ein kjekk kar. Han og Lina har funne tonen godt, og trives bra i selskap med kvarandre. Men bestemte er dei, begge to, så det er ikkje alltid det går like knirkefritt. Me kallar dei berre for presidenten og presidentfrua:O)



Marcus hoppa to hus lenger opp enn til naboen og fann seg kompis der. Han heiter Thomas, er 8 år og høyrer til Karmøy bataljonen. Det er slik me stort sett er gruppert her nede: Årdal, Sunndalen og Karmaøy :O) Desse karane kokar i allefall godt i hop. Det er så vidt dei har tid til å vere frå ein an medan dei søv! Litt kjipt når skulen begynte og mødrene sette restriksjon på litt kviletid og leksetid rett etter skulen. heldigvis har dei ikkje så mykje lekser enno, så det er ikkje lange stunda før dei har funne kvarandre att. kjekt når dei trivast så godt.





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar